Pizzakit

Kallar tilbake pizzakit

Har du handla pizzakitten på bildet, gjer du lurt i å ikkje bruka den. Coop kallar no tilbake over 700 kit på 600 gram frå produsenten Wewalka.

Årsaka er kan vera metallspon i pizzasausen. Totalt er det snakk om 736 glas med pizzasaus frå kitten som kan innehalda metallspon etter at det er oppdag at røyret som sug pizzasausen opp i glasa flassa under produksjon. Alle glas bli røntga før dei blir pakka, utan at det har gjeve utslag på metall.

–  Me ønskjer saman med leverandøren likevel å trekka produktet. Kundane skal vera sikker på at maten dei kjøper hos Coop er trygg. Derfor fjernar me produktet frå alle våre butikkar. Samstundes oppfordrar me kundar som har kjøpt produktet med dei spesifike haldbar til-datoane om å levera det tilbake til butikken, slik at dei kan få refundert pengane, seier Harald Kristiansen, kommunikasjonssjef i Coop Norge.

Pizzakittane det gjeld har haldbar til-datoane

23.07.2020
06.08.2020
13.08.2020