To kunstnere på Ryvarden

Ny kunst i galleriet

Me er i september, og starten på hausten på Haugalandet og i Sunnhordland – Galleri Ryvarden innbyr til ny utstilling.

– Me har gleda av å ønskja kunstnarane Bjørg og Maren Sofie Strømme velkommen tilbake. Mor og dotter vil i september og fram til medio oktober med sin salgsutstilling setja preg på gallerilokala på Ryvarden, fortel kulturfyrvoktar Gunn Bente Håvardsholm i ei melding. Ein kan sjå dramatiske fjellmotiv og store, fargerike blomar i akryl, samt spennande skattar i akvarell. Maren Sofie nyttar akryl-teknikk, med innslag av f.eks. fiskeskinn, og ho utdjupar tekstur, struktur og dybde i bildene sine, og bruker vågale kontraster i eit abstrakt uttrykk. Utstillinga opnar kommande søndag, 6. september.