Stella er chippa.
Stella er chippa. FOTO: Silje Marita Tjelta

Sakna frå Mølstre-området i går kveld:

Har du sett Stella?

Silje Marita Tjelta frå Stavanger har leita etter hunden sin i Mølstre-området sidan i går natt.

Siste: Fredag kveld fortel eigaren at hunden er funnen.

– – –

Pomeranian-hunden var på besøk hos ein potensiell fôrvert i Sveio, då den på siste luftetur for kvelden sprang vekk, like utanfor huset.

Eigar Silje Marita Tjelta snudde seg rundt og kom frå Sola kommune til Sveio i natt for å leita etter Stella, som er 2,5 år.
Då Vestavind snakkar med Tjelta i 10.30-tida fredag føremiddag, er hunden enda ikkje kome til svars, til trass for mange timars søk i området rundt Mølstre.

Ikkje kjend

– Eg har ropt og leita heile natta, men finn ho ikkje, seier ei fortvilt Tjelta, som ikkje har nokon spor å gå etter.
Ho er ikkje kjend i området, men då hunden blei levert, køyrde ho Paddevegen, tok til venstre og haldt fram nokre kilometer før ho var framme hos den potensielle fôrverten.
Ho er takksam for alle som kan hjelpa.

Ta kontakt

– Dersom nokon ser ho, ver snill å ta kontakt med meg så fort som mogleg. Ho er redd ukjende, men glad i kvitost og godbitar, tipsar ho. Det er mykje skog, kratt og terreng i området.
Sjølv må Tjelta snart heim til Stavanger igjen, for å ta seg av andre husdyr, men ho er innstilt på å komma tilbake seinare for å halda fram med søket.

I Facebook-gruppa Ka skjer i Sveio? er etterlysninga delt over 85 gonger fredag føremiddag.

Har du sett hunden? Ta kontakt med eigaren på telefon 988 10 110.