Frå kunnskapsløypa på eit tidlegare arrangement på brannstasjonen. I år ber brannvesenet oss om  å laga ein plan dersom brannalarmen går.
Frå kunnskapsløypa på eit tidlegare arrangement på brannstasjonen. I år ber brannvesenet oss om å laga ein plan dersom brannalarmen går. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Oppmoding til alle heimar:

Ha ein plan dersom brannalarmen går

Ei ny undersøking viser at nær halvparten av alle småbarnsforeldre står utan nokon plan for å få barna i sikkerheit om det startar å brenna.

– Me har i mange år hatt fokus på å ha brannøvingar heime, og at alle bør ha ein plan på kva ein skal gjera i tilfelle brann. Det er ikkje utan grunn, seier Ole-Martin Nordstrand, leiar førebyggjande avdeling Haugaland brann og redning iks i ei pressemelding.

Snakk om det

Ei ny undersøking viser at 42 prosent av familiar med barn i alderen 0-12 år ikkje har diskutert korleis dei skal evakuera barna om ein brann oppstår. Blir ein av ramma av omfattande brann, blir det heile veldig kaotisk og dramatisk, og det kan vera vanskeleg å få oversikt over om alle har kome seg trygt ut. Derfor er det viktig å ha snakka om kva ein skal gjera på førehand, og ha ein avtalt møteplass ute.

Skrekkscenario

– Eit skrekkscenario er at nokon går tilbake inn i eit brennande hus, fordi dei ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leiter etter trygt ein annan stad ute, seier Ole-Martin.
Mange rundt om i heile landet er engasjert i brannøvingar og andre aktivitetar som bidrar til auka brannsikkerheit i den nasjonale Brannvernveka som er i veke 38 kvart år.

Hausten markerer inngangen til ei tid på året då tal bustadbrannar vanlegvis aukar, mellom anna som følgjer av auka straumforbruk og meir bruk av levande lys.

Ikkje open brannstasjon i år

Normalt ville me under brannvernveka invitert små og store til open brannstasjon her i vårt område, men av smittevernomsyn blir det dessverre ikkje slik i år. Me vil derfor understreka viktigheita av at folk engasjerer seg på heimebane, og tar dette med brannsikkerheit på alvor, seier Dag Botnen, brannsjef i Haugaland brann og redning iks.

Det er mange ting ein kan gjera for å auka sikkerheita, og redusera sannsynet for brann i heimen:

  • Ta ein prat med heile familien om kva ein skal vera ekstra merksam med for å unngå brann. Og kva gjer ein om det startar å brenna?
  • Ha brannøving
  • Bli einige om ein sikker møteplass ute som alle kjenner godt
  • Sjekk ut ulike rømningsvegar
  • Røykvarslar og slokkeutstyr må sjekkast jamleg, også i Brannvernveka