breiband
Illustrasjonsfoto. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Millionar til breibandsutbygging i Sveio

Vestland fylkeskommune har vedteke å gi 36 millionar til breibandsutbygging i 11 kommunar der det ikkje er kommersielt lønsamt å byggja ut.

Dette skal gi betre dekning til husstandar og verksemder som i dag har 30 Mbit/s breiband.
– Dette er ei stor og viktig satsing som vil føra til kraftig betring av den digitale infrastrukturen i fylket. Det er framleis stader i Vestland, særleg nord i fylket, som ikkje har godt nok breiband. Etter kvart som den digitale infrastrukturen blir betre utbygd, håpar vi at dette vil bidra positivt til utviklinga av offentlege tenester, nytt næringsliv og forsking i Vestland, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring i Vestland til eigen nettstad.

Sveio får inntil 7 950 000 kroner, her skal dei nyttast:
Åsbu-Kinn, Apeland-Dynjo, Nordskog, Grimstveit, Færås, Rossehaug, Håvardsholm/Bjørga/Buvika, Vigdarheim og Flatnesvegen.

Statlege midlar

Tilskota til breibandutbygginga blir dekka med øyremerka midlar frå staten som fylkeskommunen tildeler. Den nasjonale ramma er på 406 millionar kroner totalt til breibandsutbygging. Vestland har fått 32,52 millionar av desse frå kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD). I tillegg har fylkeskommunen eigne midlar til formålet.

Fylkeskommunen skal no koordinere anbodsprosessen for alle kommunane, før det blir inngått utbyggingskontraktar mellom den enkelte kommune og breibandsleverandøren som vinn anbodet.

Handlingsprogram for innovasjon og næringsutvikling i Vestland 2020 understrekar viktigheita av godt breiband og digital infrastruktur i heile fylket.

Desse får midlar i Vestland:

Kjelde: Vestland fylkeskommune