bømlafjordtunnelen kari
FOTO: Kari Nilsdatter Haukås

Redusert fart i Bømlafjordtunnelen

Røykutvikling frå ein trailer skal vera årsak til at Bømlafjordtunnelen måtte stenga rundt klokka 14:15 i dag, torsdag.

Siste melding frå Sør-Vest politidistrikt går ut på at tunnelen snart vil opna igjen, men då med redusert fart. Ifølgje politiet skal det ikkje vera brann på staden, men mogleg motorhavari, rundt 1,8 kilometer frå nordre utløp. Bergingsbil er på veg.