Beitande sau på haustleg slåttemark på Eilerås.
Beitande sau på haustleg slåttemark på Eilerås. FOTO: Hege Hobberstad Vigre

Hjarteleg på Eilerås

Seks bøtter mjøl måtte til for at denne saueflokken skulle stilla seg i rett posisjon. Men kva gjer ein ikkje for å få det perfekte biletet!

Hege Hobberstad Vigre, sjølvutnemnd «bondekjærring» på Eilerås gard, elskar dyr og natur. I det siste har ho jakta på fine haustfargar og sau på beite. Litt planlegging måtte til for å få det perfekte motivet i linsa.

Lokkemat

– Det blei litt styr sidan eg var åleine. Eg måtte lura sauene med list for å få dei til å stå i ro slik eg ville, difor henta seg seks bøtter med kraftfôr og strødde ut på bakken i hjarteform. Deretter var det berre å fyra laus med kamera, fortel Vigre.

Sau og ammekyr

Då ho og Eirik Kristian Hobberstad Vigre kjøpte gard på Eilerås for snart fem år sidan var næringa sau. Etter kvart har dei bygd om for å satsa på ammekyr av rasen Angus.

– No har me 17 kyr som skal kalva, og målet er 24 mordyr/ammekyr. Når det gjeld sau har me for tida 100 vinterfôra, men planen er å koma opp i 130. Men det aller største tilveksten som har skjedd på garden, var då odelsjenta vår, vesle Eirin, kom til verda for seks månader sidan, fortel ei stolt mamma.

Storfe av rasen angus og NRF speglar seg i Eileråsvatnet. FOTO: Hege Hobberstad Vigre 2017