Eitt spørsmål i undersøkinga er om du har venner som har blitt bedt om å halde seg i karantene på grunn av fare for at dei har blitt smitta. Skjermdump frå vestlandfylke.no
Eitt spørsmål i undersøkinga er om du har venner som har blitt bedt om å halde seg i karantene på grunn av fare for at dei har blitt smitta. Skjermdump frå vestlandfylke.no

Du kan bli invitert til å bli med på fylkeshelseundersøking

Denne veka får 15 000 innbyggjarar i Vestland SMS og e-post frå Folkehelseinstituttet med spørsmål om å ta del i ei spørjeundersøking om korleis dei er påverka av koronapandemien. Målet for FHI er å finna ut om folk følgjer smittevernråda og hygiene og avstand.

– Me håpar på å få svar om det er skilnad mellom ulike grupper i befolkninga og mellom landsdelar. Slik kunnskap kan vera til hjelp når smittetiltak skal utformast, seier Camilla Stoltenberg, direktør for FHI.

Vestland er plukka ut til å vera med i undersøkinga sidan pandemien har råka befolkninga kraftig i dette fylket.