Julegran
– Julegrana på Sveiotorget kjem frå Liereid, det er årvisst det, fortel Eivind Nærum, vaktmeister i Sveio kommune. Ordførar Linn Therese Erve ser fram til julegrantenning på søndag. FOTO: Kari Nilsdatter Haukås

Digital julegrantenning i Sveio sentrum

I år blir julegrantenninga i Sveio sentrum streama på Sveio kommune si Facebook-side, på den måten blir arrangementet tilgjengeleg for alle.

– Julemarknaden måtte avlysast grunna smittevernreglar og restriksjonar, men lys og stemning skal det bli i Sveio sentrum likevel, lovar ordførar Linn Therese Erve.

Julegrantenning med meir, skjer på Sveiotorget, søndag 29. november om ettermiddagen.

Sveio-ordføraren gler seg til å halda ein kort tale etter at treet er tent, og ikkje minst høyra medlemmer frå Sveio barnekor, under leiing av Ingrid Pedersen Furdal, syngja julesongar.

Erve minner om at det ikkje vert høve til stor samling under arrangementet, men oppfordrar i staden om følgja arrangementet via Facebook.