Skjermbilde 2020-12-29 kl. 22.41.35
FOTO: Skjermdump frå helse-fonna.no

Nytt i Helse Fonna:

Behandling for angst og depresjon over nett

Helse Fonna tar i bruk eit nytt og digitalt tilbod for behandling av angst og depresjon. Det betyr kort ventetid og fleksibilitet for pasientane.

eMeistring er rettleia internettbehandling mot depresjon, sosial angst og panikkangst. Behandlinga byggjer på kognitiv åtferdsterapi, men kontakten mellom terapeut og pasient skjer via nettet. Behandlingsprogrammet går over 14 veker og har vist seg å vera svært effektivt. Erfaringane til no er nemleg at behandlinga gir like gode resultat som klassisk behandling. To av tre pasientar som har gått gjennom behandlingsopplegget har fått god effekt, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.

Meld deg på sjølv

Enn så lenge må du via fastlegen for å bli tilvist til eMeistring, men eit eige påmeldingsskjema du sjølv kan fylle ut vil vera tilgjengeleg tidleg i 2021.

eMeistring krev at du jobbar sjølvstendig med oppgåvene du får frå terapeuten. Dette betyr at du må vera motivert for å jobbe med utfordringane dine og sette av tid til lesing, refleksjon og arbeid med oppgåvene.

Behandlinga er fleksibel og lett tilgjengeleg. Du slepp å ta fri frå jobb, slepp lang reiseveg, og du betaler berre for første time.

Dette kan du få behandling for

eMeistring tilbyr behandling til deg som har panikkliding, sosial angst eller mild til moderat depresjon. Det er ikkje tilrådd med eMeistring dersom du har ei alvorleg psykisk liding, høg sjølvmordsrisiko eller ubehandla rusproblem. Du må også ha gode nok leseferdigheiter til å komme deg gjennom oppgåvene i modulane.

Korte ventetider

Tida for å komme til behandling i eMeistring er kort samanlikna med anna behandling innanfor psykisk helsevern. Kvar terapeut kan behandla opptil tre gonger så mange pasientar samanlikna med dei som tilbyr ansikt-til-ansikt-behandling. Det betyr at langt fleire no kan få hjelp.

eMeistring har vore nytta i Helse Bergen sidan 2013, og i 2019 blei behandlinga godkjent av det statlege organet Beslutningsforum. Tilbodet blir no tatt i bruk i heile Helse Vest, inkludert Helse Fonna.