volleyball
FOTO: Marthe Olesdatter Sveen Kallevik / arkiv

Fleire avlyser all aktivitet dei neste to vekene

Vil du ha med informasjon frå din klubb eller organisasjon? Send ein e-post til Vestavind, eller ei melding på Facebook.

Fleire fritidsaktivitetar startar det nye året med å avlysa treningar og arrangement, for å imøtekomma regjeringa sine tilrådingar og reglar dei neste to vekene. Her er det Vestavind har fanga opp til no:

  • Sveio karateklubb har avlyst alle treningar fram til og med 18. januar. Klubben skulle hatt gradering for utøvarane torsdag i neste veke, men også dette utgår.
  • Sveio IL Volleyball avlyser alle treningar. Denne meldinga er lagt ut på Facebook: Vi følger regjeringens anbefalinger og avlyser all trening de neste 2 ukene. Ta vare på hverandre, følg myndighetenes pålegg og anbefalinger, tren alternativt og vi er forhåpentligvis tilbake i hallen 19. januar.
  • UngSveio fortel at Vigdartun er stengt for ungdomsklubben fram til 18. januar, det gjeld også dykkartilbodet i Tysværtunet. Ungdomskoordinator Flemming Lothe, lovar at vaktbua skal vera digtal i den vanlege opningstida.

Vil du ha med informasjon frå din klubb her? Send ein e-post til Vestavind, eller ei melding på Facebook.