Adm. dir. Olav Klausen.
Adm. dir. Olav Klausen. FOTO: Eirik Dankel

Helse Fonna ber publikum vurdera om besøk er nødvendig

Helse Fonna ønskjer at publikum vurderer om det er nødvendig å besøkja pasientar fram til 18. januar.

Med nødvendig besøk meiner ein besøk til alvorleg og kritisk sjuke pasientar, pasienter i siste fase av livet, pasientar som er innlagt over tid, og der besøk er viktig for behandling og/eller livskvalitet, og besøk til barn og ungdom, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.

– Statsminister Erna Solberg gjekk søndag ut og bad nordmenn om å ikkje gå på besøk til kvarandre dei neste to vekene. Då er det naturleg at denne oppmodinga også gjeld besøk i sjukehusa, seier adm. dir. Olav Klausen i Helse Fonna.

Han oppmodar pårørande og andre som ønskjer å komma på besøk på eitt av Helse Fonna sine fire sjukehus om å utsetja det til etter 17. januar, viss ikkje besøket er nødvendig. Han oppmodar også om å lesa og følgja rutinane for besøk på helse-fonna.no.

– Drifta på sjukehusa våre går som normalt, og vår viktigaste oppgåve er å ta oss av pasientane. Difor håpar vi at folk tek oppmodinga frå statsministeren på alvor, nettopp for at vi skal kunne halde oppe normal drift framover, seier Klausen.