august 2020
Førde skule. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Éin smitta av korona – nærkontakt til skuleelev

Onsdag blei det kjent at Sveio har eit nytt tilfelle med koronasmitte, siste positive tilfelle var 27. november i fjor. Sidan personen som er bekrefta smitta er nærkontakt til ein elev på Førde skule, er elevane er sendt heim for dagen, og skulen går frå gult til raudt nivå. Skulen vil også vera stengt torsdag, opplyser Sveio kommune onsdag føremiddag.

Føresette har blitt bedne om å henta ungane så snart som mogleg. Elevane i 7. klasse har blitt bedne om å forhalda seg som om dei er i karantene, då nærkontakten til den smitta går på dette trinnet.

Kommunen kjem med meir informasjon når ein veit meir.