august 2020
Førde skule. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Opnar for seks klassar måndag

Det nye året starta med sju smittetilfelle av covid-19. Den første positive testen blei kjent 6. januar, dei to påfølgjande dagane blei det stadfesta seks nye tilfelle.
Førde skule blei stengt same dag som det første tilfellet, då vedkommande var nærkontakt med ein elev i 7. klasse. Ein av dei i smitteutbrotet var også elev i klassen, skulen var stengt frå onsdag og til og med fredag. Klassen er framleis i karantene.

Søndag kveld kom meldinga frå kriseleiinga, som fortel at skulen skal opna som normalt på måndag, for 1.-6. klasse. Dette opplyser Sveio kommune på nettstaden sin. Det er ikkje kome melding om nye smittetilfelle i helga.

– Dei fleste prøvesvar er negative, men me ventar framleis på svar på nokre testar, seier ordførar Linn Therese Erve.

I ein SMS frå rektoren ved skulen, går det fram at det vil bli ekstra stort fokus på handhygiene og avstand, og ein vil fordela elevane på ulike inngangar frå morgonen av. Mange tilsette er også i karantene, slik at veka kan bli litt annleis.