Stig Espen Hundsnes (i midten) og dei to kompanjongane i Blåsemafiaen gjekk vidare til gullfinale.
Stig Espen Hundsnes (i midten) og dei to kompanjongane i Blåsemafiaen gjekk vidare til gullfinale. FOTO: Skjermdump frå NRK Nett-TV

Finaleplass for Hundsnes og Blåsemafian

Fire innslag og berre ein vinnar – Blåsemafian vann to duellar, og får dermed finaleplass til MGP 2021.

I kveld er det MGP for full musikk på NRK. Fire artistar kjempar om finaleplass i første semifinale, og med som deltakar er Stig Espen Hundsnes (32), som er oppvaksen i Sveio. Han og dei to kompanjongane i Blåsemafian, samt ein kvinneleg vokalist var først i duell med Jorn, som framførte ei heavy metal-låt. Det var blåsarane som stakk av med flest stemmer frå publikum – og var dermed eitt steg vidare til gullfinale, der dei møtte Stina Talling (kjend for BlimE-songen i 2019).

Lovar å levera eit heidundrande show

Blåsemafian fekk flest stemmer også i duellen med Talling – og er dermed vidare til finalen i MGP 2021.

Dei neste vekene skal fleire kjempa om gullpass, datoane er 23. og 30. januar og 6. og 13. februar. Det blir også ein runde med wildcard 14. februar, før finalengår om fem veker, 20. februar.

Blåsemafian består av Sigurd Evensen (27), Stig Espen Hundsnes (32) og Jørgen Lund Karlsen (27), og har med seg Caroline (Hazel) Teigen.