Stord sjukehus,
Stord sjukehus, FOTO: Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna

Covid-19 på Stord sjukehus:

Ingen fleire positive testar

​​Så langt har ingen fleire medarbeidarar ved Stord sjukehus fått påvist covid-19.

Fredag kveld fekk ein medarbeidar på Stord sjukehus positivt svar på koronatest, og måndag morgon er 25 medarbeidarar og éin pasient i karantene.

Alle medarbeidarane som testa seg fredag kveld og laurdag har no fått svar, og ingen av dei har fått påvist covid-19. Dei tre siste skal testa seg i dag, i sine heimkommunar, opplyser Helse Fonna i ei pressemelding.

Mange har stilt opp

– Me er sjølvsagt glade for at alle testane er negative, men dei skal framleis vera i karantene ut veka, og difor har det vore ein kabal å få alle vaktene fylt opp. Men det har vore lagt ned ein kjempeinnsats i helga, og også utover i veka ser det ut til at me skal klara å halda oppe bemanninga. Mange har stilt opp ekstra, noko eg er takksam for, seier klinikkdirektør Somatikk Stord, Anne Beth Njærheim.

Drifta går tilnærma som normalt.

Ingen koronapasientar på Stord

– Det er litt redusert aktivitet på poliklinikkane, og nokre kirurgiske inngrep er utsett, elles går alt som normalt, forklarar Njærheim.

Måndag morgon kom det ei gladmelding til frå Stord sjukehus, som har hatt mange pasientar med covid-19 siste vekene. Søndag vart den siste av desse utskriven, og måndag er det for første gong sidan 27. desember ingen innlagde koronapasientar på Stord sjukehus.

I Helse Fonna er det no éin pasient med covid-19, på Haugesund sjukehus.