– I pandemifrie tider går glade elevar i tog kvar 17. mai i Valestrand. På skulefana dei held stolt føre seg står det «Valestrand oppvekstsenter – med vilje til visdom og vekst». Kjære kommunen vår: styr med visdom når de skal sikra oss gode stader å leva liva våre.
– I pandemifrie tider går glade elevar i tog kvar 17. mai i Valestrand. På skulefana dei held stolt føre seg står det «Valestrand oppvekstsenter – med vilje til visdom og vekst». Kjære kommunen vår: styr med visdom når de skal sikra oss gode stader å leva liva våre. FOTO: Privat

Skular for visdom og vekst i Sveio

«Vilje til vekst og ein god stad å leva» er visjonen til Sveio kommune. Men no truar prosessen om framtidig skulestruktur desse ambisjonane for fleire av lokalsamfunna i kommunen. Ein ekstern rapport bestilt av Sveio kommune føreslår nedlegging av skulen i Valestrand og dramatiske kutt i andre Sveio-skular.

Me er svært kritiske til den kommunale prosessen som er lagt opp rundt dette viktige arbeidet som er førande for heile samfunnsutviklinga i kommunen vår. Ei minimal og usikker økonomisk innsparing er argumentet for nedlegging, basert på usikre elevtalsprognosar. Desse innsparingane er berre smular samanlikna med det tapet nedlegging av skular vil ha for kommunen vår: lokalsamfunna blir sterkt svekka, tilflyttinga blir redusert, fleire stader kan råkast av fråflytting, det må brukast meir på skuletransport, og kommunen vil ikkje minst tapa viktige skatteinntekter.

Sjå også nordover – liv og lyst i Valestrand
Sveio kommune har som mål å legga til rette for gode bumiljø og oppvekstvilkår. Dei skal også arbeida for å få til tilflytting. I Valestrand er me allereie fleire tilflyttarar som har kome til med ungar i oppvekstsenteret dei siste åra. Skuletilbod i ei levande bygd har då vore ein føresetnad for at me valde Sveio som vår bukommune.

Valestrand er attraktivt for barnefamiliar på grunn av nærleiken til handels- og arbeidsmarknaden på Stord og i regionen rundt. Dette blir det også satsa på i det pågåande Liv og lyst-prosjektet i Valestrand. I prosjektet, som er støtta av både fylket og kommunen, har dei identifisert mange moglegheiter for spennande utvikling i nord som no er i startfasen. Å då leggja ned skulen før ein har kome skikkeleg i gang, vil derimot berre kortslutta dette viktige utviklingsarbeidet.

I eit folkehelseperspektiv er skulen den viktigaste møteplassen som skaper samhald og sosiale band i bygda. Skulen er limet i lokalsamfunnet. I Valestrand, som ligg lengst nord i kommunen, er det ekstra viktig på grunn av lange avstandar til andre deler av kommunen. At skulen ligg i nærmiljøet sikrar kort reiseveg for elevar, moglegheiter for å sykla til skulen, og også tid til fysisk aktivitet og fritidsaktivitetar på ettermiddagane. Me ser med stor uro på den reisa 6-åringar skal ut på dagleg dersom skulen i Valestrand blir lagd ned (frå Bjørgjo inneber det buss i bortimot halvannan time dagleg).

Kvaliteten på skulebygget i Valestrand er dårlegare enn i andre Sveio-skular, slår den eksterne rapporten fast. Det er først og fremst ein solid strykkarakter til Sveio kommune. Det er resultatet av dårleg vedlikehald av skulen og stemoderleg behandling i årevis. Ved Valestrand oppvekstsenter kan små investeringar gi store forbetringar av skuletilbodet. Den sterke frivilligheita i Valestrand vil då støtta opp om eit slikt arbeid, og FAU er klare til å koordinera slik innsats for felles løft av skulen vår.

Vilje til visdom og vekst – bevar nærmiljøskular
Ordføraren skreiv i sitt valkampløfte for inneverande periode at ho er opptatt av å ta heile kommunen i bruk, og å sørga for at det er aktivitet og gode bumiljø i bygdene våre. Dette gjentok ordføraren i føreordet til den overordna kommunale planstrategien. Me set vår lit til at politikarane i kommunen bruker skulebruksplanen til å styrka bygdeutviklinga ved å satsa på å utvikla skulane, også i Valestrand.

Kommunen kan saman med lokalsamfunna sterkt påverka folketalsutviklinga og dermed elevtalsutviklinga. I Noreg har den pågåande pandemien gitt bygdelivet mange fortrinn. I åra som kjem kan det føra til nye flyttetrendar og buønske som Sveio-bygdene bevisst kan utnytta for å tiltrekka seg fleire innbyggarar.

I pandemifrie tider går glade elevar i tog kvar 17. mai i Valestrand. På skulefana dei held stolt føre seg står det «Valestrand oppvekstsenter – med vilje til visdom og vekst». Kjære kommunen vår: styr med visdom når de skal sikra oss gode stader å leva liva våre.

Med skule i Valestrand er me klare til å utvikla bygda til vekst og glede for heile Sveio.

Solveig Høgås Iversen, Kjetil Skogland og Håvard Tvedte
FAU Valestrand