Tysdag morgon blei det gjennomført laserkontroll i 80-sona på Gullvegen.
FOTO: Ellen Marie Hagevik, arkiv

Tatt etter klage på råkøyring

Tysdag morgon heldt utrykkingspolitiet laserkontroll på Gullvegen, like sør for Buavåg ferjekai.

Det blei skrive ut eit førelegg, farten blei målt til 90 km/t i 80-sona. Kontrollen blei gjennomført i tidsrommet mellom klokka 06:30 – 08:00.

I følgje vaktsjef Dan Magne Gaard ved Haugesund politistasjon, var kontrollen eit resultat av at bebuarar i området har klaga på råkøyring. Det er no planlagt fleire fartskontrollar langs Gullvegen.