Bråtveit natur og kulturbarnehage på Bråtveit-tjødno. Borna følgjer spent med når styrar Astrid Wallem Hagen trekkjer garnet.
Bråtveit natur og kulturbarnehage på Bråtveit-tjødno. Borna følgjer spent med når styrar Astrid Wallem Hagen trekkjer garnet. FOTO: PrivatBilde 1 av 3
Skøyterpar
«Skøytepar» på isen. FOTO: PrivatBilde 2 av 3
Astrid Wallem Hagen lærer bort kunsten å fiska med garn på isen. Når garnet bllir trekt er det stor spenning.
Astrid Wallem Hagen lærer bort kunsten å fiska med garn på isen. Når garnet bllir trekt er det stor spenning. FOTO: PrivatBilde 3 av 3

Isfiske, skøyteløp og fine vinterdagar

Etter ein lengre periode med bitande kulde og strålende sol, låg endeleg forholda til rette for at Bråtveit natur- og kulturbarnehage kunne prøva seg på isfiske igjen.

Sjekk den flotte aure-fangsten! Foto: Privat

– Sidan Bråtveit-tjødno har vore flittig brukt, grundig målt og tilrettelagt med skøytebanar, fann me ut at me ville ta turen dit i staden for å testa Vigdarvatnet. Det var eit godt val, fortel barnehagestyrar Astrid Wallem Hagen.

Etter å ha sjekka isen grundig, og forklart borna kor viktig det er ikkje berre er å gå utpå, fekk dei sett garnet under isen torsdag med førskulegruppa,

Spente ungar følgde med på prosessen og fekk i tillegg gått mykje på skøyter. Fredag då garnet blei trekt, fekk også Lykketroll, den yngste gruppa, vera med, og alle som ville hadde skøyter med den dagen også.

– Seks aurar fekk me jammen meg. Stor stas! Trass sol og aktivitet blei det litt kaldt for enkelte av dei yngste så dei fekk returnera til barnehagen etter ei stund. For dei litt eldre blei det god tid til skøyting, bygging med «snøklosser», mat og varm kakao før me drog tilbake til barnehagen og fekk fastelavnsbollar, kan Wallem Hagen fortelja.