Aage Kvalbein (cello), Maren Myrvold (sopran) over til venstre, og Marita Kjetland Rabben (piano), gler seg til å underhalda i Valestrand kulturkyrkje og i Stord kulturhus komande veke.
Aage Kvalbein (cello), Maren Myrvold (sopran) over til venstre, og Marita Kjetland Rabben (piano), gler seg til å underhalda i Valestrand kulturkyrkje og i Stord kulturhus komande veke.

Kjem med lys og glede i ei utfordrande tid

Neste veke held Aage Kvalbein, Maren Myrvold og Marita Kjetland Rabben konsert i Valestrand kulturkyrkje, torsdag 25. februar.

– Kulturlivet er ufatteleg hardt ramma av koronakrisa, og det er langt mellom konsertane om dagen. Difor gler me oss ekstra mykje til å få gjera jobben vår igjen og spela to konsertar neste veke. Me håpar musikken kan spreia litt lys og glede i ei utfordrande tid, seier Marita Kjetland Rabben i ei pressemelding.

Set kjensler i sving

Ifølgje Kjetland Rabben har dei funne repertoar for cello, song og piano som på ulikt vis speglar vårens mange stemningar. Gjennom eit utval norsk, fransk, spansk og amerikansk musikk får publikum servert heile kjenslespekteret: Her blir det liv, død, latter, gråt og brennande kjærleik!

Oppdatering 22.02.21: Etter dei lokale smitteverntiltaka, er det plass til 10 publikummarar.