Sveio kommune ber innbyggjarar om å vera spesielt merksame på symptom på koronaviruset, etter at det er påvist to smittetilfelle av den britiske varianten i Tysvær.
– Me ber om at dei som kan ha blitt eksponert for smitta om å ha låg terskel for å testa seg, skriv kommunen på eigen nettstad.
I samband med smittesporingsarbeidet, er følgande stader og tider kartlagde som moglege stader/situasjonar kor personar kan ha blitt smitteeksponert:
- 19. februar: Kiwi Avaldsnes, kl. 18.45–19.00
- 20. februar: Coop Extra Frakkagjerd, kl. 13.00–13.30
Sveio kommune ber alle som har vore på dei aktuelle stadene og situasjonane i dei aktuelle tidsromma om å vera spesielt merksame på symptom og ha låg terskel for å testa seg.