Illustrasjon av koronaviruset.
Illustrasjon av koronaviruset.

Status på smittetilfelle av covid-19

Det har vore roleg på korona-fronten dei siste dagane. Siste smittetilfelle (1) var fredag 26. mars. Det vil seia at det er registrert 14 smitta sidan 15. mars. Merk at tal for i dag, tysdag ikkje har kome med.

I perioden har det på det meste vore fire smitta på ein dag (16. mars), ellers er går det i 0, 1 og 2 smitta.

Raudt nivå

Kommunane på Haugalandet, inkludert Sveio, planlegg for å kunna opna skulane for undervisning på raudt nivå over påske dersom den lokale smittesituasjonen gjer dette mogleg. Kommunane vil følga smittesituasjonen gjennom påsken, og vil gjera ei ny vurdering påskeaftan 3. april.

Dersom det blir opna for undervisning på raudt nivå, vil skulane bruka 6. april til å klargjera for dette nivået, og det vil derfor bli digital undervisning denne dagen.

Barnehagane fortset på raudt nivå i påskeveka og i veka etter påske. SFO held fram som no til og med 6. april.

Kjelde: Sveio kommune