I 2023 blir det mykje dyrare å både produsere og distribuere papiravisa. Difor auka også Vestavind sitt papir-abonnement i pris, mens prisen for digitalt abonnement blir heldt i ro.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
I 2023 blir det mykje dyrare å både produsere og distribuere papiravisa. Difor auka også Vestavind sitt papir-abonnement i pris, mens prisen for digitalt abonnement blir heldt i ro. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Papiravisa blir dyrare – uendra pris for digitale abonnement

Grunna kraftig kostnadsauke for produksjon og distribusjon av papiravis, vil prisen på Vestavind si papirutgåve auke noko meir enn «normalt» for papirabonnentane i 2023.Prisen på digitale abonnement blir heldt i ro.

Vestavind-abonnementet «Heilår komplett», som inneheld både papiravis og nettavis, aukar med 90 kroner, frå 875 til 965 kroner. «Heilår digital», eit reint digitalt abonnement blir halde uendra på 815 kroner.

Grunnen til den relativt store prisauka for papir-produktet er at kostnadane, spesielt knytt til distribusjon av papiravis, fortset å auke dramatisk for heile den norske avisbransjen. 

— Det er stor nedgang i talet på papirabonnentar og husstandar som får distribuert papiravis, og det aukar kostnaden per leverte avis dramatisk for distributørane. Vestavind sin distribusjonspartnar sa opp avtalane dei hadde med alle sine kundar i år. No er ny avtale på plass, men den gir ei diverre kraftig kostnadsauke også for Vestavind neste år, seier dagleg leiar Susanne Lie Vallestad i Vestavind.

I tillegg har prisen på papiret som Vestavind blir trykt på auka kraftig gjennom 2022. Denne kostnaden sender trykkeriet til avisa, som igjen må prise inn dette mot kundane sine. Men som ein følgje av dette vil Vestavind ikkje auke prisen for digitale abonnement i 2023, presiserer Vallestad.

Papiravisa lev vidare

Lesarane endrar vanar, og stadig fleire blir digitale.

— Men Vestavind vil behalde papiravisa så langt det lét seg gjere, då me veit at mange gler seg over den. Det er også ei viktig nyheitskjelde for dei som ikkje er digitale, seier ansvarleg redaktør Torstein Tysvær Nymoen.

Vallestad og Nymoen legger til at prisauka er noko dei fleste papiravis-lesarar landet rundt vil oppleve i 2023, og presiserer at Vestavind framleis har ein relativt låg pris samanlikna med liknande små lokalaviser i Noreg.

Digital satsing

Begge har forståing for at nokon vil kunne oppleve prisauke på papir som høg, men er ikkje uroa for at det vil kunne gi utslag i lesartala.

— Vestavind er den einaste lokalavisa som er tett på Sveio. Redaksjonen har det siste året auka den daglege publisering av nyhenda vesentleg. Dette er noko med får mange positive tilbakemeldingar på, og det har gitt oss mange nye reine digitale abonnentar. Me har offensive utviklingsplanar for året som kjem, som me håpar lesarar og annonsørar blir nøgde med, seier Nymoen.

Om ein ønskjer å endre til reint digitalt abonnement undervegs i abonnementsperioden, eller ved fornying, tek ein berre kontakt, så ordnar me dette, seier Susanne Lie Vallestad.