Yr melder snø og høgare temperaturar i helga. FOTO: SUSANNE LIE VALLESTAD
Yr melder snø og høgare temperaturar i helga. FOTO: SUSANNE LIE VALLESTAD

Send oss dine vinterbilete frå helga

Lesarane vår melder om kalde dagar, og Yr melder snø i helga. Kva gjer du desse vinterdagane?

Våren er framleis på vent, og dei siste dagane har vore svært kalde. Her er nokre temperaturmeldingar frå lesarane våre på Facebook fredag føremiddag:

-17 på det kaldaste på Lindøy

-9 på Villa Mølstre klokka 06.46

-12 i Buavegen

-16 på Øvrabø

-15,6 i natt på Frønsdalstunet

-9,8 på Kjosane klokka 07.00

-15 på Drange

Ifølge Yr skal det blir mildare i helga, men framleis minusgrader. Og snø. Kanskje blir det skiføre? Det er i alle fall eit håp om akeføre og nok snø til å laga snømenn- og kvinner.

Send oss dine vinterbilete frå helgatips@vestavind-sveio.no. Skriv gjerne kvar det er, kven som er med på biletet og kven som er fotografen. Me lagar eit biletgalleri som blir delt med lesarane på nettavisa måndag.