17. mai er ein av dagane i året det blir teke flest bilete. Her frå toget i Sveio i fjor. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
17. mai er ein av dagane i året det blir teke flest bilete. Her frå toget i Sveio i fjor. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Til lukke med dagen!

Vestavind ønsker alle lesarar og sveibuar ein riktig god 17. mai! Det er mykje kjekt som skjer på nasjonaldagen rundt om i bygdene, og del gjerne dine 17. mai-bilete med oss.

 

Sjølv om det ser ut til å bli ein kjølig 17. mai der ein må kle seg godt når ein skal vera ute, er dette ein dag med mykje glede og varme. Felleskap, gudstenester, leikar, talar, ulike aktivitetar, god mat og ikkje minst 17. mai-tog.

17. mai er også ein av dagane det blir teke flest bilete i løpet av året. Me håper du vil dela dei med lesarane til Vestavind.

Bileta sender du til tips@vestavind-sveio.no. Me lagar eit album som blir oppdatert gjennom dagen.

Beste helsing Susanne, Thomas og Ellen Marie

P.s. 17. mai-programmet for alle bygdene finn du i Kva skjer?-kalenderen.  Klikk på til dømes på 17. mai – Bua, så får du opp heile programmet. Papirversjonen finn du på sistesida i Vestavind nummer 18.