Normann Austvik har skrive eit lesarinnlegg om ny E39.
Normann Austvik har skrive eit lesarinnlegg om ny E39. FOTO: Thomas Vallestad DragesetBilde 1 av 2
E39 Sveio
Henry Damman
Dei to traseane av ny E39 er ikkje populære hjå Førde Bygdalag, dei vil ha ein ny trase enda lengre aust og i tunnel. FOTO: Thomas Vallestad DragesetBilde 2 av 2

«Ny E-39 gjennom Førdebygda»

Statens Vegvesen planlegger ny 4-feltsveg gjennom Førde, og ein har 2 alternativer å velga mellom. Den nordvestre traseen går svært nærme både skule, barnehage og kyrkja. Den har 2 planskryss med rundkjøring på begge sider og dette er midt i bygda. Samla vegtrase blir ca 100m brei med 4 kjørefelt og 2 av/påkjøringsfelt samt sykkel/gangsti – kanskje på begge sider. Dette i tillegg til gamle E-39.

Detta er galskap og døds-støtet for bygda vår. Kanskje får me støyvegger i tillegg og dermed «Berlinmuren» tvers igjennom bygda. Eigedomar og husverdi vert kraftig redusert for mange.

Det søraustre alternativet er ikkje så mykje betre. I begge trasevalga går vegen heilt opp i hagane til folk og minst 2 hus vert fjerna. Kyrkja er like nærme uansett vegvalg, og presten må bruka ropert når kista skal i jorda.

Eg meine alle her i bygda, saman med kommunen, må forlanga å få tunell igjennom Lierfjellet og ut igjen bak Samfunnshuset eller i Austviksvingane.

SVV seier detta blir sikkert for dyrt for bevilgande myndighet. Planlagt vei fra Bokn til Bømlafjorden er 67 km lang og kostnadsrekna til 20 milliard. Til samanlikning er Follobanen 22 km lang og kosta 36,9 milliard iflg google. Dobbel så dyr og ein tredel så lang. Det er ikkje bilveg, men samferdsel det og. Kvifor skal me ofra bygda vår for at staten skal spara nokre millionar på et så stort prosjekt?

Fornebubanen er under bygging og er 7,7 km lang. Kostnadsberekna til 31 milliard som er 3,3 million pr.meter. Bokn – Bømlafjord blir 300 tusen kr. pr meter. Det er på Vestlandet verdiskapinga skjer!!!

Køyre ein rundt i landet på nye 4-feltsveier, går dei stort sett beint fram, langt fra folk og med tunellar der det trengs. Kvifor skal veien her gå rundt Lierfjellet og ikkje igjennom? Kvifor skal me gå fra hus og heim?

Eg oppfordra alle ( det gjer SVV og) til å gå inn på www.vegvesen.no/vegprosjekter/europaveg/e39boknstord og skriv di meining under innspel. Då har også SVV dokumentasjon på kva me meinar. Frist 11.des.

Normann Austvik