Kommunane i Sunnhordland kjem til å stemme imot alle forslag til endringar som fører til reduserte rutetilbod for våre innbyggjarar, skriv Sunnhordlandsrådet.
Kommunane i Sunnhordland kjem til å stemme imot alle forslag til endringar som fører til reduserte rutetilbod for våre innbyggjarar, skriv Sunnhordlandsrådet. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Kan ikkje akseptera at ferjetilbodet vert redusert»

Kommunane i Sunnhordland kan ikkje akseptere at ferjetilbodet i Vestland fylke vert redusert, fordi ferjeoperatørane har basert sine tilbod i anbodsprosessen på dispensasjonar i eit regelverk.

Uttale til endra praksis hos Sjøfartsdirektoratet knytt til regelverket om kviletid og konsekvensar for ferjetilbodet:

Sunnhordland er ein langstrakt og stor øyregion, som består av kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Her bur 65.000 innbyggjarar. Regionen har eit svært høgt aktivitetsnivå og låg arbeidsløyse. For at næringslivet skal kunne oppretthalde det høge aktivitetsnivået, og regionen skal vere attraktiv for busetnad, er vi heilt avhengig av effektiv transport, som til dømes fylkesferjene våre. Ferjene er våre vegar, og våre vegar er per i dag stengt delar av døgnet.

Operatørane må levere

Me viser til vedtak i Vestland fylkesutvalet i sak PS 43/24 der endringar i rutetilbod på ferjene blei diskutert som fylgje av operatøren sine noverande skiftordningar og mangel på dispensasjon frå Sjøfartsdirektoratet frå regelverk om kviletid.

Kommunane i Sunnhordland kan ikkje akseptere at ferjetilbodet i Vestland fylke vert redusert, fordi ferjeoperatørane har basert sine tilbod i anbodsprosessen på dispensasjonar i eit regelverk. Sikkerheita til mannskap og passasjerar er høgst viktig, og gode arbeidstilhøve og ordningar for dei tilsette likeins. Fylkeskommunen har bestilt eit rutetilbod, og det må operatørane levere på. Det kan ikkje gå utover folk, næringsliv og lokalsamfunn at dei ikkje klarer å levere i høve til avtalen!

Kommunane i Sunnhordland kjem til å stemme imot alle forslag til endringar som fører til reduserte rutetilbod for våre innbyggjarar. Våre lokalpolitikarar jobbar hardt for utvida opningstid på ferjesambanda og auka tal avgangar. Me har allereie utfordringar med gjenståande bilar, og har samband i regionen med trafikkmengd som ikkje står i høve til rutetilbodet. Noverande rutetilbod er ikkje gode nok!

Bereskapssamband

Når det gjeld beredskapssamband, så viser Sunnhordlandsrådet til dialog med Skyss, som uttaler følgjande:

«Vestland har i dag fem beredskapssamband i fylket, og ordninga inneber at helseføretaka kan kjøpe beredskapsturar frå operatør. Det ligg føre eit prinsippvedtak i Vestland fylkeskommune om at helseføretaka også må dekke kostnadene med grunnberedskapen.

Helse Bergen har motsett seg dette synet. Statsforvaltaren i Vestland har i den samanheng bede om ei prinsippavklaring frå departementet. Det er så langt ikkje kome tilbakemelding frå Samferdselsdepartementet.»

Næringsministeren må på banen

Sunnhordland har til dømes øysamfunna Huglo og Varaldsøy som er ekstra sårbare, då dei ikkje har anna tilknyting til fastland enn ferjene, samt at dei har ikkje kommunale tenester lokalt på øya. Det må sikrast at beredskapen på stader som Huglo, Varaldsøy og tilsvarande lokalsamfunn blir ivareteke på ein forsvarleg måte.

I saka ber fylkesutvalet fylkesordførar og administrasjonen om å gå i dialog med Sjøfartsdirektoratet, Næringsdepartement og Samferdselsdepartementet for å få løyst opp i utfordringane som er vist til i saka.

Me forstår at noko av grunnen til at Sjøfartsdirektoratet må endre praksis er på grunn av manglande ressursar til å følge opp dispensasjonane. Dersom dette er korrekt må næringsministeren på banen for å sikre direktoratet rammer til å gjere jobben sin, på vegne av innbyggjarar og næringsliv langs kysten.

Sunnhordlandsrådet vonar Vestland fylkeskommune, Næringsdepartementet og Sjøfartsdirektoratet tar regionrådet sine innspel på alvor og legg stort press på operatørane slik at dei innfører ei skiftordning som gjer at me opprettheld eit stabilt ferjetilbod og som i tillegg gjer at sjøfolka våre får gode og sikre arbeidsforhold.

Andre Mundal Haukås, regionrådsleiar

Tora Haslum Myklebust, dagleg leiar