Bordskånarpuslespelet er om lag 30 x 30 cm og kan delast i fire.
Bordskånarpuslespelet er om lag 30 x 30 cm og kan delast i fire. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Send oss dine påskebilder!

Enten du drar til fjells, ruslar rundt heime eller tar årets første båttur i påska, håper me du vil dela påskebildene med Vestavind sine lesarar.

Alle som sender inn bilder til tips@vestavind-sveio.no er med i trekninga av ein av Vidar Fylkesnes sine puslespelbordskånarar. Skriv nokre ord om bildet og kven som er fotograf.

Me tar påskeferie frå 27. mars, men nettavisa vil bli oppdatert innimellom. Mellom anna med dine påskebilder. Dei blir samla etter kvart i ein bildeserie på nettavisa, og eit utval blir presentert i første avis etter påske den 4. april.

Stengt i påska

Som vanleg blir det ikkje avis i påskeveka, men Vestavind-kontoret held ope til og med tysdag 26. mars.

Me sjekkar e-postane innimellom i påska, men gjeld det abonnement, brukarnamn og passord, blir det som kjem i løpet av påskedagane samla opp til 2. april. Veit du at du treng hjelp til brukarnamn og passord, er det difor lurt å melda det til post@vestavind-sveio.no denne veka.

Litt om avisdistribusjon

Ikkje alle fekk avisene første veka med Posten som distributør, men me håper at det meste er på plass no. Har du ikkje fått avisa, ring 53 74 01 80 eller send ein e-post til red@vestavind-sveio.no.

Me ønsker alle ein riktig god påske!