– Mogelegheitene er mange, og alle kan bli med, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdens naturfond.
– Mogelegheitene er mange, og alle kan bli med, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdens naturfond. FOTO: WWF

I kveld er det jorda sin time

Earth Hour blir markert for 16. gong i Noreg, og klokka 20.30 i kveld blir lysa i mange signalbygg sløkt over heile landet. Du kan også bidra.

Jorda sin time blir markert over heile verda. Signalbygg sløkker lysa, samtidig som millionar av menneske viser sitt engasjement for klima og natur ved å gi ein time til jorda.

– Verda står framfor store utfordringar, blant dei den akutte natur- og klimakrisa som me er nøydd til å løysa i felleskap. Saman kan me bidra til å bremsa klimaendringane og bevara naturen. Kvar positiv handling for jorda – liten eller stor – kan gjera ein stor forskjell når alle er med, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdens naturfond,.

I fjor ble det gitt over 410.000 timer til jorda frå over 190 land. I år håper WWF at det blir gitt endå fleire.

– Å gi éin time til jorda kan vera alt fra å sløka lysa, slik mange er vande med å gjera, til å gå ein kveldstur og bli bedre kjent med sin nærnatur, eller laga eit godt og berekraftig måltid som du deler med dei du er glad i. Mogelegheitene er mange, og alle kan bli med. Saman kan me senda eit tydelig signal til dei som sit med makt om at me krev handling for ei grønare verden, seier Andaur.