Det handlar ikkje om liv og død den 10. april, men nødetatene må vera førebudd om noko alvorleg skulle skje. Difor øver dei.
Det handlar ikkje om liv og død den 10. april, men nødetatene må vera førebudd om noko alvorleg skulle skje. Difor øver dei. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

Øver på blodig alvor

Har du tenkt deg til Haugesund onsdag? Då kan vera greit å vita at det skal vera ei stor øving i sentrum denne dagen.

Det handlar ikkje om liv og død den 10. april, men nødetatene må vera førebudd om noko alvorleg skulle skje. Difor øver dei.

Haugesund brannvesen har ansvar for å gjennomføra årets PLIVO-øving. PLIVO står for Pågående Livstruende Vold, og alle nødetatane i Noreg er pålagt å trena på dette årleg, i tillegg til å ta årleg teorikurs.

Pågår i fire timar

Klokka 10.00 til 14.00 onsdag blir PLIVO-øvinga gjennomført saman med Edda kino. I tidsrommet vil det vera eit stort oppbod med synlege nødetatar i sentrum. Spesielt rundt Edda kino vil det vera mykje aktivitet i dette tidsrommet. Rundt 70 deltakarar (markørar) vil delta og trena, og det blir også trening opp mot nødsentralene.

For bebuarar, innbyggarar og øvrig publikum vil det vera synleg væpna politi i gatene rundt Edda kino. Lyd av skot vil også kunna høyrast fordi det vil bli brukt lausskot. Det kan oppstå noko røyk fra lokala til kinoen.

Varsling

Det blir sett opp skilt som varslar om øving i området, og informasjonsvakter med synlege blå vestar vil informera publikum.

Øvinga blir gjennomført fordi nødetatene skal øva på å samkøyra handteringa av ei slik hending. Det gir stor verdi for alle tre nødetatane å få trent innsatspersonell og leiing på både taktisk og operasjonelt nivå, skriv Haugesund kommune i ei pressemelding.

8. mai blir det ei ny øving. Då i NAV sine lokale i Haugesund.