Bilar var parkert på begge sider, samt i dei smale svingane både sør og nord for kapellet.
Bilar var parkert på begge sider, samt i dei smale svingane både sør og nord for kapellet. FOTO: Elisabeth Hauge BakkeBilde 1 av 3
Bilar var parkert på begge sider, samt i dei smale svingane både sør og nord for kapellet.
Bilar var parkert på begge sider, samt i dei smale svingane både sør og nord for kapellet. FOTO: Elisabeth Hauge BakkeBilde 2 av 3
Her ligg alt til rette for å bygga ein stor parkeringsplass på austsida av vegen.
Her ligg alt til rette for å bygga ein stor parkeringsplass på austsida av vegen. FOTO: Elisabeth Hauge BakkeBilde 3 av 3

«Kaotiske forhold ved Eikeland kapell»

Mange var nyleg vitne til den kaotiske situasjonen som oppstod i området rundt Eikeland kapell i Auklandshamn. Det var i samband med ei gravferd at folk kryssa Øklandsvegen framfor, bak og mellom bilar som etter gravferda skulle køyra derfrå.

Bilar var parkert på begge sider, samt i dei smale svingane både sør og nord for kapellet. Nokon rygga for å snu bilane, andre rygga for å sleppa fram mellom anna bussen, som på mirakuløst vis omsider kom seg ut av kaoset. All æra til sjåføren!

Som ein sambygding sa det; «Korfor i all verå blei det ikkje bygd ein stor parkeringsplass på den andre sida når dei fyrst holdt på her?» For så å leggja til at Vegvesenet ikkje hadde kunna godkjenna dette fordi «folk då måtte ha kryssa vegen».

Dei ansvarlege for prosjektet skulle ha vore til stades denne dagen og andre dagar der mange møter fram i ei gravferd. Må det skje ei alvorleg hending før dei innser at den noverande situasjonen medfører større risiko for ulukker enn om det vert bygd ein stor parkeringsplass på austsida av vegen?

Elisabeth Hauge Bakke