Som leiar var Solveig ein trygg, nær og kjær rektor. Døra inn til kontoret hennar var alltid open. Ho såg oss, både personalet og elevane, skriv personalet ved Førde skule.
Som leiar var Solveig ein trygg, nær og kjær rektor. Døra inn til kontoret hennar var alltid open. Ho såg oss, både personalet og elevane, skriv personalet ved Førde skule. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Solveig Røynstrand til minne

Det var med sjokk og vantru vi fekk meldinga om Solveig sin bortgang, berre 72 år gamal.

Solveig starta som inspektør ved Førde skule tidleg på 2000 talet. Frå 2004 til 2021 var ho tilsett som rektor.

Som leiar var Solveig ein trygg, nær og kjær rektor. Døra inn til kontoret hennar var alltid open. Ho såg oss, både personalet og elevane. Ho var ein tydeleg leiar, ho lytta og rettleia oss i arbeidet vårt. Ho kunne ta ein telefon heim etter arbeidstid dersom ho visste at vi hadde trong for litt omsorg og støtte.

Skuleutviklaren Solveig drog personalet framover. Vi var på skulebesøk både i innland og utland, og  ho var ein pådrivar for at skulen skulle vera i pedagogisk utvikling. Vi var blant anna tidleg ute med å ha elektroniske tavler/dokumentkamera i alle klasserom. Dette var idear ho tok med seg frå ymse skulebesøk.

Engasjementet for Førde skule var stort, og då ungdomsskulen blei lagt ned ved Førde skule, kjempa ho lenge, men måtte sjå at slaget var tapt. Same dagen som vedtaket blei kjent, inviterte ho spontant heim til seg på gravøl for ungdomsskulen.

Ho var ein nynorskforkjempar av rang, det har og vi i personalet fått opplevd. Det var ikkje berre elevar som fekk raude strekar i teksten sin, det fekk og vi om ikkje nynorsken var på plass. Dokument som skulle ut frå skulen, skulle vera på korrekt nynorsk. Vi veit og at det ikkje kosta Solveig noko å setja eigen leiarar på plass om ikkje e-postar og skriv var rett skrivne.

Fleire nynorskdiktarar og forfattarar har vi blitt kjende med gjennom Solveig. Ho starta ofte dagen/møte med opplesing frå den tjukke raude diktboka til Olav H. Hauge, ho med alle dei gule lappane i. Då sa ho ofte: «Eg skal berre nett….»,og så las ho eit dikt. Ofte fann ho eit dikt til kvar og ein av oss i ulike samanhengar, nøye utvalde, nøye førebudde. Solveig gjorde aldri noko halvvegs.

Vi kjem ikkje unna at Solveig og var ei som likte å ha full kontroll. På utanlandsreisene våre organiserte ho gjerne både tur og opplegg. Då Solveig skulle gå av med pensjon, laga vi til ein blåtur for henne. Der såg vi at ho følte seg litt ukomfortabel før turen, då ho ikkje hadde styringa sjølv, alt ho viste var at helga skulle setjast av.

Solveig likte å stelle i stand for oss medarbeidarane. Alle smalahove-festane Solveig og Hans hadde heime hjå seg, vil vera med oss i minnet livet ut. Huset pynta og bordet dekt med tema sau, tradisjonen tru fekk vi alltid høyra om skyresauen som blei slakta. Dette er gode minne for oss alle.

No er Solveig gått ut av tida, men vi ber med oss alle dei gode minna. Tusen takk, Solveig!

På vegner av personalet ved Førde skule

Astrid Sandvik, Vigdis Askeland Dahle, Åshild Skjelbreid og Bjørn Tore Enerstvedt (rektor)