Me er heldige som bur i eit trygt land med eit solid demokrati. Eit land der både ytrings- og religionsfridom og rettstryggleik står sterkt, skriv ordførar André Mundal Haukås.
Me er heldige som bur i eit trygt land med eit solid demokrati. Eit land der både ytrings- og religionsfridom og rettstryggleik står sterkt, skriv ordførar André Mundal Haukås. FOTO: Privat

Kjære alle i Sveio!

Hjarteleg til lukke med nasjonaldagen – og Sveio sitt 60-årsjubileum!

Frå kontorvindauga mitt ser eg at våren er i full anmarsj, og med det veit eg at 17. mai ikkje er langt unna. Bjørk og eng er kome i eit flott grønt skin, og eg ser at born og unge har henta fram både sykkel og vårjakke, og våre tilsette gjer ein god jobb med å klargjera kommunen til Noreg sin bursdag.

I år er det 210 år sidan grunnlova vår vart underteikna på Eidsvoll. Ho er eitt av våre alle viktigaste dokument, og formar måten landet vårt vert styrt på, kven som skal få stemme ved val, og kva rettar me som bur her i landet, skal ha.

Me er heldige som bur i eit trygt land med eit solid demokrati. Eit land der både ytrings- og religionsfridom og rettstryggleik står sterkt. I Noreg kan du seie, tenkje, skrive og meine det du vil. Du er fri til å tru på det du vil, og du skal ikkje straffast utan å ha brote ei lov. Denne fridomen ser ein diverre ikkje over heile verda.

Vår fridom og vår fred er verdifull, og eg tenkjer at i ei tid som no, er det viktig å anerkjenne det arbeidet og dei offera som har vorte gjort for at vi skal kunne leve slik vi gjer i dag. Det minner oss også om kor avgjerande det er å verne om desse verdiane og å arbeide aktivt for å styrkje demokratiet og rettane ikkje berre her heime, men også i verda ikring oss.

Men i år er det ikkje berre Noreg som har bursdag. Også Sveio kommune har i år bursdag, og kunne 1. januar feira 60 år. På mange måtar vert det som å feire diamantbryllaup mellom dei tre tidlegare kommunane; Sveio, Valestrand og Vikebygd. Den flotte jubilanten står seg sterk og samla, og det er flott å sjå alt liv og engasjement som er i dei ulike bygdene som er med på å utvikla kommunen vidare.

Eg er heldig som ordførar å få oppleva mykje av det som skjer rundt i den vidstrakte kommunen vår, alle invitasjonane er noko eg set umåteleg stor pris på. Alle dei flotte initiativa me ser i kommunen, hadde ikkje vore moglege utan frivilligheita. Dei er etter mitt syn berebjelkar i lokalsamfunnet vårt.

Det har vore flott å oppleva mengda av frivillige som er med på aktivitetar både for born og vaksne. Eitt av dei første møta eg hadde med frivilligheita som ordførar, var på språksprell, der frivillige møter nye sveibuar for å snakka norsk. Ei stor gruppe av dei som deltok her, var flyktningar frå Ukraina – ei flott gruppe menneske det har vore kjekt å halde kontakten med.

Stor glede var det også då eg fekk vera med då over 100 born samla seg på Sambrukshuset, og idrettslaget med god hjelp av frivillige servere gratis kvelds på torsdagskveldane, til stor glede for både små og store som finn saman over eit glas smoothie eller ein varmande toast. Elles vil eg nemne helselaga våre som i over 100 år har gjort, og framleis gjer, ein flott innsats både som frivillige og ved å støtta opp om gode føremål.

Dyktige idrettsutøvarar og eit yrande liv i lag og organisasjonar er med på å sikre at me har gode nabolag, der ein ynskjer at både dei som bur der no, og framtidige naboar skal trivast.

Eg er som ordførar svært stolt over det rause, varme og inkluderande samfunnet eg opplever me har her i kommunen vår. Det skal vere godt å bu i Sveio, enten du har budd her heile livet, flyttar inn frå ein annan stad i Noreg, eller, som me har opplevd no, at ein kjem hit frå andre stader i verda råka av krig og uråd.

Når me nå i heimen skal syta for at bunadsskjorta er rein og strøken, at begge sokkane er funne fram og sølvet pussa – så er det to grupper i kommunen som eg ynskjer å retta ei spesiell takk til. Først ei stor takk til alle våre tilsette som uavhengig om det er kvardag, helg eller heilagdag går på jobb for å gje omsorg, hjelp og sikra beredskapen vår. Ei stor takk også til alle dykk som på dugnad steller i stand ei flott feiring av nasjonaldagen vår!

For det flotte landet vårt, og den gode kommunen me bur i, skal me heisa flaget 17. mai, pynta oss, synga av full hals – og eta alt det is me berre klara!

Eg ynskjer dykk alle ein flott nasjonaldag, fylt med fellesskap, glede, song, is og leikar.

Gratulera med dagen!

André Mundal Haukås, stolt ordførar