Av dei 232 gastane som var om bord i det legendariske norske krigsskipet «Stord» då det stod for ei av norsk historie sine gjevaste bragder til havs – senkinga av Hitlers største panserskip «Scharnhorst» 2. juledag 1943 – var det to gutar frå Sveio.
– Farfar min, Einar Møllerhaug, var den eine av dei to, medan han andre heitte Kristoffer Svanberg. Barndomskameratar frå Tittelsnes i det som den gong var Valestrand kommune, fortel Nicholas H. Møllerhaug, som kjem til Sveio senioruniversitet med historia til farfaren.
– Hadde skuggar i livet sitt
Ved hjelp av egne minner, farmora sine forteljingar og eit stort tilfang av publiserte og upubliserte kjelder, har Møllerhaug rekonstruert farfaren sitt dramatiske liv.
– Alle i familien visste at farfar var høgt dekorert krigshelt. På frigjeringsdagen hang det tett med medaljar på dressen hans. Men han hadde skuggar i livet sitt. Kvar natt vrei han seg over minnene frå flammehavet utanfor Nordkapp jula 1943, då 2.000 unge tyskarar måtte forlatast i ishavet. Farfar var også blant dei første som nådde franske strender på D-dagen. Men skuggane frå dei arktiske konvoiane var dei verste. Heile 20 turar i konvoi til Murmansk var farfar med på. Kvar og ein tur var «the worst journey in the world», ifølge Churchill, fortel Møllerhaug
Opna seg for barnebarnet
Først mot slutten av livet maktar farfaren å opna seg om dei vonde minnene, og då er det for barnebarnet, Nicholas. Trygt styrt av farmora, Alfhild, fortel Einar om livet sitt under krigen. Nokre gonger er det så vanskeleg at han må avbryta og stormar opp på loftet.
Dette er først og fremst farfaren si historie, men det er også ei forteljing om ettertida og om korleis krigsseglarar lenge ikke blei forstått, og om ei farmor som tar vare på mannen sin, lar han fortelja, laga mat og oppleva det vakre ved å skapa fargerike teppe.
Me håper mange tar turen til Sveio senioruniversitet si første samling i 2025, måndag 3. februar.
Astrid Hovda