Feriestart for dei fast tilsette er fredag ettermidag 27. juni. Me er så heldige at Einar Vestvik kan trø til, og han vil mellom anna halda lesarane vår oppdatert på nettavisa gjennom veke 27 (som startar 30. juni).
Me held som vanleg kontoret sommarstengt i veke 28 og 29.
Oppdaterer nettavisa
Har du komplett abonnement, har du også tilgang til nettavisa. Den vil bli oppdatert kvar dag fram til neste papiravis 31. juli, også i vekene kontoret held stengt.
Treng du hjelp til å logga på, brukarnamn og passord til nettavisa, er Susanne tilgjengeleg i vanleg arbeidstid til og med fredag 27. juni. Du kan senda e-post til
eller ringa 930 51 563.
Måndag 21. juli er Morten tilbake på kontoret. Opplada og klar til å gå laus på nyhende og nettavisa igjen.
Me ønsker alle lesarane våre ein riktig god sommar!