Husk at du ikkje veit innhaldet i noko du kjøper på gata eller via sosiale medier, åtvarar politiet. Desse pillene kan føra til dødsfall.
Husk at du ikkje veit innhaldet i noko du kjøper på gata eller via sosiale medier, åtvarar politiet. Desse pillene kan føra til dødsfall. FOTO: Politiet

Politiet åtvarar mot piller

Politiet i Sør-Vest har fleire stader den siste tida gjort beslag av piller som avbilda. Det er mistanke om at slike piller kan koplast til fleire dødsfall.
– Pillene er truleg uoriginale variantar av typen Ksalol, og me fryktar pillene kan innehalda det svært potente virkestoffet Fentanyl. Pillene blir seld billig, og me er særleg bekymra for at ungdom kjøper desse utan å tenka godt nok over moglege konsekvensar.

Det er ikkje meldt om dødsfall i vårt langstrakte politidistrikt, men Politiet si nettpatrulje vil likevel komma med ei sterk åtvaring.