Plaga med råning på kaien

Politiet har fått ein del meldingar frå naboar til kaien i Valevåg. Der samlast folk i bilar og uroar naboane.

– Det er snakk om mykje råning og spinning, og det føregår særleg på kveldane. Så langt har ikkje politiet vore der, men det kan fort skje. I verste fall ryk førarkortet, og det kan fort blir dyrt med ødelagte dekk og bakaksling på grunn av spinninga, seier vaktsjef Gunnar Sande ved Haugesund politistasjon.