Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.
Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.

Utset planarbeid for fleirbrukshall

Hovudutval for oppvekst og kultur tilrår at  det vidare arbeiet for utbygging av fleirbrukshall/idrettsanlegg blir utsett inntil vidare. Status for arbeidet skal leggjast fram i andre møteserie hausten 2020.

Første del av tilrådinga er i tråd med rådmannen sitt forslag. Rådmannen foreslo vidare at ny sak skulle leggjast fram  i andre møteserie hausten 2021, men så lenge var altså ikkje politikarane villige til å venta.

Rådmannen si grunngjeving for utsetjing og ny sak var både behovet for å avklara kva anlegg som trengst, og kostnadene dette vil medføra. Dette gjeld både investeringar og drift.