Mange av Sveio-bygdene får innslag av pynta veteranbilar på nasjonaldagen. Dette biletet er frå generalprøva som blei gjennomført førre torsdag.
Mange av Sveio-bygdene får innslag av pynta veteranbilar på nasjonaldagen. Dette biletet er frå generalprøva som blei gjennomført førre torsdag. FOTO: Chanett Våge Miland

Lovar feststemning likevel

Mykje er forandra, men nasjonaldagen er på ingen måte avlyst i Sveio.

I Sveio blir det i år ikkje muligheit for publikum å møta opp for å sjå eller delta i «toget» på grunn av Covid-19-viruset.

I staden for tog blir det kortesjar med veteranbilar, traktorar og båtar. Og som eit ekstra tilbod til innbyggjarane vil både talar, «tog», korpsmusikk og drill bli filma og lagt ut på Sveio kommune si heimeside og Facebook-side, og Vestavind si nettavis.

Veteranbilar

Mette Katinka Saltvedt er ein av initiativtakarane til den organiserte veteranbilkortesjen i Sveio 17. mai. Startskotet går på Ekrene Næringspark etter at deltakarane har sunge nasjonalsongen. Turen går til Vikse, Vandaskog og Bua, vidare til Auklandshamn og Rød, nord til Førde, derifrå til Erve og Fjon, og vidare til Lid og Sveio sentrum.

– Dersom me klarar å få fram følelsen av at me er ein del av ei større markering er det svært gledeleg, seier Saltvedt, som håpar på velkjent «Ironman-stemning» langs vegane.

Traktorar

Festpynta traktorar skal også i år setja sitt preg på nasjonaldagen i Sveio. Kortesjen startar på Ekrene, køyrer innom Rophus før turen går nedom Vågedalen, vidare nordover til Sveio sentrum, og etter ein liten stopp ved omsorgssenteret vidare til Lid, Kvalvåg og Våga, deretter til Haukås og nord til Førde.

– Forskjellen frå i år og tidlegare, er at me køyrer inn i byggjefelta rundt om der det er plass, opplyser Espen Frøvik som har totalt 15-20 traktorar på lista si.

Han kjem med ei sterk henstilling til alle vaksne om å passa ekstra godt på borna når traktorane kjem.

Båtkonvoi

Maria Westergaard Bøe er ein av initiativtakarane til båtkonvoi som er planlagd i Førde.

– Alle som har båt kan vera med. Me startar inne i vågen ved båthamna, derifrå går turen langs kystlinja til Austvik, før me på returen endar opp ved Stranda.

Klokka 13.00 skal ein synga nasjonalsongen, akkompagnert av Ole Jacob Ravn Ottesen på kornett. Heile Noreg er oppfordra til å synga «Ja, vi elsker» på dette klokkeslettet.

– For skikkeleg å markera nasjonaldagen oppfordrar me folk til å bruka båtfløytene, og borna må gjerne skramla med grytelokk under båtturen. 17. mai er den viktigaste dagen me har i året, den må feirast! seier Westergaard Bøe entusiastisk.

Bilkortesje

I Valestrand er det planlagt bilkortesje frå kaien i Valevåg, til Tittelsnes om Møllerhaug, Einar Øklandsveg, Vikekjerrehuset, Liereid og Valestrand  kulturkyrkje.

For meir informasjon om 17. mai, sjå annonse i Vestavind og dei ulike krinsane og arrangementa sine program, mellom anna på Facebook.