La oss fortsette å jobbe saman for å bygge Sveio og Noreg som eit sterkt og berekraftig samfunn, der solidaritet, likskap, fellesskap, tryggleik og moglegheiter står sterkt, skriv ordførar Linn Therese Erve (Ap). FOTO: PRIVAT
La oss fortsette å jobbe saman for å bygge Sveio og Noreg som eit sterkt og berekraftig samfunn, der solidaritet, likskap, fellesskap, tryggleik og moglegheiter står sterkt, skriv ordførar Linn Therese Erve (Ap). FOTO: PRIVAT

17. maihelsing frå ordføraren

Kjære alle saman!

Eg vil ønske dykk hjarteleg til lukke med nasjonaldagen, Noreg sin bursdag.

Eg ser og høyrer med glede alle førebuingar som skjer i alle delar av den flotte kommunen vår i tida før 17. mai, med blant anna planlegging av arrangement og traktorkortesje, øving av korps og drill og pynting. I min heim syng me 17. mai-songar i vekene før sjølve dagen. For eg er veldig glad i nasjonaldagen.

Eg er sjølvsagt glad i tog, at me tar på finstas, har 17. mai-leiker og alle tradisjonar som høyrer med til feiringa. Men mest av alt er eg glad i det denne dagen betyr for oss. Glad i dei verdiane som ligg til grunn for det samfunnet me har i dag.

Me er heldige som bur i eit land der demokrati, fridom og ytringsfridom står sterkt. Dette er verdiar som er kjempa fram, og som mange har ofra mykje for. Desse verdiane må me alltid halde høgt og sikre at blir tatt vare på. For desse verdiane, som me ofte tar for gitt, kjem ikkje av seg sjølve.

Til hausten er det kommune- og fylkestingsval. Eg liker å seie at den beste måten du kan feire Noreg på, er å bruke stemmeretten din.

— I Sveio har me mykje å vera stolte over

I dag feirar me likeverd og nestekjærleik, og at me evnar å jobbe samen mot eit varmt Sveio-samfunn.

I Sveio har me mykje å vere stolt av. Me har gode lokalsamfunn som skapar aktivitet, og som bidrar til at det er godt å bu og leve her. Me har sterke fellesskap, me har innbyggarar som viser omtanke og er rause med kvarande.

Me bur i ein kommune som set likeverd høgt, som viser at me respekterer kvarandre for den ein er, uansett korleis du ser ut, kven du elskar og kva meining du har. Me tar vare på kvarandre og viser solidaritet, i stort og smått. Eg vil særleg trekke fram korleis sveibuen har tatt imot flyktningane med opne armar etter krigen i Ukraina.

Me må fortsette å jobbe saman for å ta vare på desse verdiane og utvikle oss vidare. Me må fortsette å jobbe for at me har eit samfunn der det er plass til alle. Eit samfunn der me er rause med kvarandre, og har respekt for kvarandre sine meiningar. Me må fortette å jobbe for sterke fellesskap, at alle har like mogelegheiter, at du skal vere trygg på at du får dei tenestene du har rett på. Slik sikrar me gode lokalsamfunn i framtida for våre komande generasjonar.

Gir av si tid til fellesskapet

Eg vil rette ein stor takk til alle som bidrar til at me har ei tradisjonell 17. maifeiring. Det ligg mykje arbeid bak arrangementa i heile Sveio. Arbeid som blir gjort på fritid som dugnad. Landet vårt er tufta på frivillig arbeid og dugnadsånd. Dette ser me i Sveio kvar einaste dag, innbyggarar som gir av si tid til fellesskapet.

Som til dømes ballbingen i Valestrand, arbeid med aktivitetsparken og tinghuset i Førde, lage møteplass på Stølen i Auklandshamn, Liv og lyst i Bua, merkar turstiar på Vikse og andre stader, arbeidsstova på Lid, dugnadsgjengen på sentralidrettsanlegget og på golfparken, alle som er trenarar, laglederar og mykje anna i lag og organisasjonar.

Det er gjennomført ein formidabel Kiwi Cup, og etter 17. mai står Sveiomarknaden for tur. Det gjer meg stolt som ordførar. Dugnadsarbeidet kjem verkeleg til syne på nasjonaldagen vår. Eg vil også takke alle som deltar på 17. maifeiring, og særleg barna som er morgondagens leiarar.

La oss vere stolt og glad på nasjonaldagen vår. La oss fortsette å jobbe saman for å bygge Sveio og Noreg som eit sterkt og berekraftig samfunn, der solidaritet, likskap, fellesskap, tryggleik og moglegheiter står sterkt.

Eg vil gjerne avslutte med diktet «Det er dette vi treng» av Bente Bratlund:

Det er dette vi treng
Menneske som bryr seg
Menneske med eld i blodet
for det gode
Menneske som ikkje gøymer seg
når det stormar
men som legg sin varme
i vektskåla
for dei som treng det mest

Eg ønsker dykk alle ein god nasjonaldag. Må den bli fylt med glede, is, song og moro. Eg håpar eg høyrer mange fine 17. maisongar i toget — eg skal synge med dykk.

Gratulerer med dagen!

Linn Therese Erve, ordførar