Endringar i alkoholpolitiske retningsliner

Kommunestyret i Sveio vedtok måndag endringar i kommunen sine alkoholpolitiske retningsliner, som gjeld frå 2020 til 2024.

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) foreslo eit tilleggspunkt der det heiter at utkjøring av alkoholhaldige varer frå nettbutikk krev eige løyve. Dette blei samrøystes vedtatt.

Jarle Jacobsen (KrF) fremja rådmannen sitt opphavlege forslag, der det i punkt 7 heiter at det i einskildhøve ikkje kan serverast brennevin om det er personar mellom 18 og 20 år til stades. Dette fekk tre stemmer. Fleirtalet ville ikkje ha med dette punktet.