Måndag kveld vart det ein viltpåkøyrsel i Sveio.
FOTO: ARKIV
Måndag kveld vart det ein viltpåkøyrsel i Sveio. FOTO: ARKIV

Bømlafjord-tunnelen open for trafikk igjen

Like etter klokka 16.00, meldte Vegtrafikksentralen at Bømlafjordtunnelen er stengt på grunn av trafikkuhell. På Twitter melder politiet at det er tre bilar involvert i ulukka.

SISTE: Tunnelen er no rydda og opna igjen. Føraren som var årsak til ulukka har fått førarkortet beslaglagt, opplyser politiet på Twitter.

–  Det var fem personar totalt i dei tre bilane. Personane ser ut til å vera uskadde, og det er mindre materielle skadar på bilane, seier vaktsjef Birgitte Pedersen ved Haugesund politistasjon.

Vegtrafikksentralen held tunnelen stengt i påvente av alle naudetatane.

Ulukka  har truleg skjedd i samband med ei forbikøyring, skriv politiet på Twitter. Totalt er tre personbilar involvert.

Politiet opplyser at det truleg ikkje er personskade. Det blir no gjort avhøyr på staden.