Drøymer du om ei hytte i Buvika på Tittelsnes? Eller ei arkitektteikna hytte på Kvitanes?
I Vestvikevågen kan du kjøpe deg ei rorbu. I same nabolaget er det fleire fritidsbustader til sals. Ein av dei har til og med innandørs symjebasseng. På Sletto Øst er det nye funkishytter med båtplass. Du finn dei på Vierdal, i Aukandshamn og i Buavåg. Men ventar du eit par veker til startar høgsesongen for hyttekjøp og hyttesal ved sjøen. Eigedomsmeklarane har liggande klar annonsar på mange fleire som skal ut så snart det blir litt meir vår i lufta.
Det som ligg ute akkurat nå har et prisspenn frå rett over ein til 12 millionar kroner. Den billigaste finn du på Vierdal, den dyraste på Kvalvågnes.
– Ved sjøen er det sommarhalvåret som gjeld når me snakkar hyttekjøp. Alt skjer mellom mars og oktober, seier Reidar Vik, som er salssjef hos Eiedomsmegler Vest i Haugesund.
Fjellhyttene på Vågsli, Haukeli og Røldal derimot, dei går unna året rundt.
Flata ut ved sjøen
– I fleire år har sunnhordlendingane og haugalendingane helst ønska seg til fjells. Og medan hytteprisane har stått stille ved kysten, har prisane i fjellet halde fram med å stiga, forklarer Vik.
Verken oljenedtur eller prisstagnasjonen på hyttene i låglandet har påverka hytteprisane til fjells.
Vik synest det er vanskeleg å sei kva som er årsakene, men han registrerer at folk bygger større hytter i fjellet enn ved kysten.
Mange ønskjer så store hytter at dei har plass til 2-3 familiar om gongen. Dei er opptatt av at dei skal feire jul på hytta, fortel han.
– For hyttene langs kysten sin del ser me tydeleg at oljenedturen har gjort at folk har blitt litt meir forsiktige og nøysame. Dei ventar med store investeringar og lar vere å bruke pengar. I løpet av dei siste fire-fem åra har derfor prisane på hytter ved kysten flata ut, og nå er det kanskje meir samsvar mellom det du betaler og det du får, seier han.
Midt i leio
Midt mellom Bergen og Stavanger tiltrekker nå Sveio seg hyttekjøparar frå både Bergen og Stavanger, ikkje berre Haugesund og Stord.
– Bergensarane ser at dei får litt meir for pengane om dei kjøper i Sveio enn like utanfor Bergen. Heller ikkje siddisen synest det er for langt unna å ha hytte i Sveio, seier Vik.
Ei typisk hytte som folk er på leit etter i våre trakter har tre soverom, maks 200 meter til sjøen og tilgang til båtplass. Naust er også eit stort pluss.
– Nå ventar me berre på at det skal bli litt varmare i veret, så er hyttekjøpsesongen i gong også her ved kysten, seier Vik.
I forbindelse med bygg og bu-temaavisa som blir sendt ut gratis, er denne saken open for alle å lesa.