To bøter på éin moped

Utrykningspolitiet hadde fokus på Sveio forrige torsdag, og på tur gjennom sentrum blei ein mopedist stoppa klokka 22.48. Føraren hadde på seg hjelm, men det hadde ikkje passasjeren.

Ikkje hadde vedkommande lov til å sitja på heller, og det blei skrive ut to forenkla førelegg. Eit for ulovleg passasjer og eit for manglande bruk av hjelm.

Dersom passasjeren er under 16 år, er det føraren som må betala hjelm-bota. UP-patruljen følgde også mopedføraren heim og tok ein prat med foreldra.