Dagfinn Bjørge, her avbilda i bil.
Dagfinn Bjørge, her avbilda i bil. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Hjortejakt med bil og lys

Ser du lys der det ikkje brukar å vera lys i kveld, er dei på farten igjen. Dei køyrer rundt i heile Sveio og tel hjort fram til mai.

Vårteljing av hjort på innmark har pågått i vår region sidan 1999. Nær 100 personar deltek i feltarbeidet, og sju-åtte av dei har ansvaret for å dekka aktuelle område i Sveio kommune. Det vil seia at store delar av kommunen får besøk av bilar seint på kvelden nesten kvar torsdag framover.

– I fjor var me ikkje flinke nok til å informera alle grunneigarane, og det legg me oss flate for. Det er klart ein kan bli uroleg når det dukkar opp ein ukjent bil der føraren lyser rundt med ei kraftig lykt, seier Dagfinn Bjørge, rådgjevar landbruk og viltansvarleg i Sveio kommune.

Skal telja seks torsdagar

Det er nok fleire enn grunneigarane som kan stussa over lys i mørket på uvante stader, så Bjørge vil gjerne informera Vestavind sine lesarar også.

– Teljinga starta sist torsdag. Dei frivillige, som hovudsakeleg er røynde jegarar, drar ut for å telja mellom klokka 23.00 og 01.00. Til saman skal me telja seks torsdagar til og med 7. mai. Sidan dei som teljer køyrer aleine, går teljinga som planlagt. Me rettar oss sjølvsagt etter dei restrikasjonar og påbod som er gjeve i forhold til koronaviruset, seier Bjørge.

Skal også registrera rådyr og elg

Teljinga skjer samstundes over heile Haugalandet. Å bruka bil er ein god måte å komma innpå dyra. Hjorten reagerer sjeldan på bildur, men opnar du døra og går ut, spring den. Det skal teljast bukk, hind, spissbukk og kalv. Ser en rådyr eller elg skal dette også registrerast.

Vårteljinga er viktig for forvalting av hjortestamma i dei ni kommunane som er med i Hjorteviltutvalet for Haugalandet. Det gjev auka innformasjon og kunnskap om utviklinga til bestanden. Saman med fellingsresultat gjev teljinga grunnlaget for å utarbeida hjorteviltplanen for regionen.

– Hjortestamma er i god form og litt aukande i Sveio. I fjor vart det felt 162 hjort på litt over 200 fellingsløyver, seier Bjørge.