Hald avstand til andre, men hels gjerne og smil til dei du møter på din veg.
Hald avstand til andre, men hels gjerne og smil til dei du møter på din veg.

Friluftslivets koronavettreglar

Miljødirektoratet, Helsedirektoratet og friluftslivsorganisasjonene har gått saman om ni felles råd for ein god og trygg tur i annleis-påska me får i år.

– Det er all grunn til å koma seg ut, ikke minst i ei tid då mange er mindre aktive i kvardagen enn normalt. Koronasituasjonen hindrar oss ikkje i å driva friluftsliv, men me må gjera det på ein trygg måte, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Påska er tid for friluftsliv, men i år må mange planleggja andre aktivitetar enn dei er vant til.

Her er dei ni råda:

  1. Velg turar i ditt nærmiljø! Bruk fantasien og utforsk nye turmogelegheiter der ikkje alle andre går.
  2. Du trenger ikkje gå aleine – få med deg resten av husstanden på tur!
  3. Rast med god plass. Ta med mat, drikke og handsprit, og kos deg på tur.
  4. Ta vare på naturen vår, me trenger den. Respekter dyre- og planteliv, og ta med deg søppel heim.
  5. Ver obs på brannfare! Fleire stader i landet er det veldig tørt og bålforbod.
  6. Bruk kart og kompass når du går utanom merka stier og løyper. Det finnest også mange gode appar og turportalar som kan hjelpa deg på vegen
  7. Snu i tide, og velg aktivitetar med lav risiko. Saman kan me unngå å belasta rednings- og helsetenester.
  8. Smil! Hald avstand til andre, men hels gjerne og smil til dei du møter på din veg.
  9. Hald deg oppdatert på råd og reglar frå helsemyndigheitene.

– Dersom me alle føl råda og viser hensyn, kan me med god samvittigheit vera utandørs i påska. Situasjonen trenger ikkje å vera eit hinder, men ein mogelegheit til å tenkja alternativt om aktivitetar og kvar du legg turen, seier miljødirektøren.

Utforsk nye turmogelegheiter

Det blir ingen påskekos på 440.000 norske hytter i år, og fleire enn normalt held seg heime. Ein må derfor finna aktivitetar i sitt nærområde.

– I byar og tettbygde områder er det spesielt viktig at ikkje alle legg turen til same stad. Ver kreativ og finn på aktivitetar du kan gjera utandørs utan å gå i flokk med andre, seier Ellen Hambro.

Gjennom påska vil dei store friluftsorganisasjonene vera aktive i sosiale medier og andre kanalar for å inspirera og vegleia om friluftslivsmogelegheiter.

Gode tips til aktivitetar og turmål finn du også på ut.no og på nettsidene til friluftsorganisasjonane.