Adm. dir. Olav Klausen (t.v.), styreleiar Per Bjørn Habbestad og dei lokale styremedlemmene møttest i Haugesund. Resten av Hese Fonna-styret deltok på Skype.
Adm. dir. Olav Klausen (t.v.), styreleiar Per Bjørn Habbestad og dei lokale styremedlemmene møttest i Haugesund. Resten av Hese Fonna-styret deltok på Skype. FOTO: Eirik Dankel, Helse Fonna

Habbestad leia sitt første Helse Fonna-møte

Koronasituasjonen og utbyggingsprosjekt var nokre av punkta då det nye styret i Helse Fonna hadde møte tysdag. Styreleiar Per Bjørn Habbestad leia sitt første møte via Skype.

– Det var litt spesielt i og med at det var eit virtuelt møte, der dei lokale møttest i Haugesund og resten av styret deltok via skjerm. Styret fekk likevel gjort ei god handsaming av alle sakene på agendaen, men eg vonar heile styret kan møtast i mai, seier Habbestad til Vestavind.

Hovudssaka på møtet var årsmelding, årsrekneskap og rapport frå verksemda.

Solid økonomisk drift

Frå styret si årsmelding går det fram at overskotet for 2019 var på 31,5 millionar kroner. Dette er 8,5 millionar kroner lågare enn Helse Vest sitt krav til overskot, som er på 40 millionar kroner. Dette er sjuande året på rad Helse Fonna driv med overskot, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.

Det var om lag 27.000 innleggingar ved sjukehusa i føretaket, og det blei gjennomført om lag 215.000 besøk ved poliklinikkane.

I 2019 var gjennomsnittleg ventetid for pasientar som hadde starta behandling 61 dagar innan somatikk, 42 dagar innan psykisk helsevern for vaksne, 38 dagar innan psykisk helsevern for barn og unge og 30 dagar innan rusfeltet.

Dei fleste kreftpasientar som blir behandla i føretaket blir inkludert i pakkeforløp. To tredjedeler av pakkeforløpa blei gjennomført innanfor standard forløpstid i 2019.

Full gjennomgang på neste møte

Koronapandemien prega naturleg nok også møtet saman med investeringsprosjekt.

– Me hadde 10 pasientar med Covid 19-smitte på det meste, og er no nede i tre. Det har vore stor nedgang i talet på smitta i Vestland og Rogaland i påsken, men me er ikkje tilbake til normal drift. Me ser på ulike måtar å auka aktiviteten att, i lag med våre tilsette. Her vil me prioritera dei mest sårbare pasientane, orienterte administrerande direktør Olav Klausen.

– Den situasjonen me no står oppe i er ekstrem på mange måtar, med stort bortfall av løpande behandling, og stort inntektsbortfall. Omfanget av dette for helseforetaket sin driftsøkonomi er høgst uklart, og difor må me ha eiga sak om dette på neste styremøte. Då må me få full gjennomgang av korleis koronasituasjonen spelar inn på driftsøkonomien, og om det kjem ekstra midlar frå Helse Vest eller departementet i høve dette, var styreleiar Per Bjørn Habbestad sin kommentar til gjennomgangen.

Utbyggingsprosjekt i rute

Klausen informerte om at arbeidet med utbygginga av Haugesund sjukehus er i rute med omsyn til tid, kost og kvalitet, og at dette er eit prosjekt som gjev energi til organisasjonen. Når det gjeld den økonomiske utviklinga er ikkje den like god.

Dei pasientrelaterte inntektene er ved utgangen av februar 11,3 millionar kroner lågare enn budsjettert. Dette skuldast i hovudsak ein tydeleg nedgang i pasientaktivteten både i høve til 2019, og den planlagde aktiviteten.

Personalkostnadane er høgare enn budsjettert, noko som bidreg til eit samla økonomisk underskot per februar på 7,2 millionar kroner, mot eit budsjettert overskot på 6,7 millionar kroner. Rekneskapet for mars er ikkje ferdigstilt endå, men føretaket ser at trenden frå februar med låge pasientrelaterte inntekter og høge personalkostnader er forsterka den siste månaden med koronasituasjonen.