Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.
ILLUSTRASJON: VIKANES BUNGUM
Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut. ILLUSTRASJON: VIKANES BUNGUM

Dansen rundt symjehallen

Ein kan no lesa om «positive bassengsignal» og «samlar seg om symjehall ved Vigdartun» i lokalavisa, dette trass i nye råd frå rådmannen om å legga prosjektet på is.

Rådmannen seier i sitt saksframlegg at Sveio kommune har eit for stramt driftsbudsjettet til å driva ein slik symjehall, og ein kan nytta dagens symjebasseng i mange år til i symjeopplæringa i skulen.

Nye utredningar og nye anbodsprosessar endrar ikkje på dette faktumet, då må ein eventuelt gjera noko med inntektene eller kutta i ein allereie stram kommuneøkonomi. Kor skal ein i så fall kutta? Er det eldreomsorgen, barnehagane, skulane eller andre viktige kommunaleoppgåver som skal ta rekninga? Vil me verkeleg det?

Sjølvsagt vil me alle ønska oss eit flott nytt basseng, men når ein ikkje har midlane må ein ta vanskelege og kanskje upopulære val. No har me sidan 2006 nytta alt for mykje pengar og tid på symjehall prosjektet. Tida er inne for å slutta dansen rundt gullkalven og sjå realitetane i augo – Legg symjehall prosjektet på is!

Ole Velde
kommunestyrerepresentant Senterpartiet