Ope brev til statsråd Tina Bru

Tysvær vindpark har fått endeleg godkjenning til å starte anleggsarbeidet i Hersdal i Tysvær kommune. I og med at Tysvær kommune opplever at verken departementet ditt eller NVE klarar å gje oss gode svar spør eg statsråden direkte.

Men først. Eg er klar over at me har svært ulikt syn på denne saka, Tysvær kommune og statsråden. Eg håpar og forventar at statsråden har sett seg godt inn i saka. Eg registrerer at svært mange kommunar har avvikande syn med statsråden, departementet og NVE i høve vindkraft på land. Eit velmeinande råd frå Tysvær er at dette må statsråden merke seg. Mange av oss kommunar veit svaret om du vil lytte.

Tysvær kommune blir møtt med at me har endra syn på vindkraft. Heldigvis er det lov å endre syn i politikken og eg håpar inderleg at statsråden også vil gjere det i desse sakene. Tysvær kommune har ikkje berre endra syn, me har nytta høve som kommunestyre og lokaldemokrati til å svare opp alle dei søknadene og endra MTA planane som er sendt inn gjennom meir enn 15 år. Einstemmig vedtak.

Me trudde i vår naivitet at me fekk dei på høyring for at kommentarane våre betydde noko. Me brukar tid og ressursar på demokratiske prosessar og klargjer vårt syn med innspel. Det er derfor utbyggar som burde ta risikoen med stadig å endre sitt syn, stadig å endre planar. Ikkje lokalsamfunnet som ser at dei flotte fjelltoppane våre blir øydelagt. Kvifor får utbyggarane lov til dette?

Tysvær kommune opplever seg overkjørt av dine fagetatar. Me registrerer at fylkesmannen i Rogaland følgjer oss, det same gjer Rogaland fylkeskommune. Difor kjører de over også staten sin forlenga arm i Rogaland, samt regionale og kommunale myndigheter.

Mitt velmeinande råd nr. to er at det burde statsråden ikkje gjere. Statsråden burde lytta, møtt oss og fagleg vurdert våre innspel. Du valde oss rett og slett bort då du hadde avtala å møte oss. Det set spor, det får oss til å stille spørsmål og undre oss – kvifor?

Som lokaldemokrati er me opptatt av å følgje lovverket, følgje plan- og bygningslov, gjennomføre ROS analysar, konsekvensutgreiingar, få tilsyn av staten, i det heile tatt følgje dei normale demokratiske verdiane og prosessane samfunnet er bygt rundt.

Statsråden må unnskylde meg, men med respekt å melde opplever Tysvær kommune at den politikken og praksisen som vert ført kjører over oss. I og med at dine avdelingar ikkje svarar oss opp skikkeleg stiller eg spørsmåla direkte til deg.

Korleis kan ein kommunal offentleg veg som ikkje har vore ein del av statleg plan med eit tastetrykk berre bli det? Korleis kan ein gjere vedtak om at Hersdalsvegen skal bli ein del av statleg plan og få dispensasjon frå alt lovverk? Frå plan- og bygningslov, frå veglova, vassressurslova, naturmangfaldslova?

Kvifor tok ikkje departementet rådet vårt om å konsekvensutgreie dette? Kvifor meiner departementet at trua artar skal bli skadelidande gjennom breddeutvidinga av vegen? Opplever statsråden at hubrobestanden langs Hersdalsvegen er ivaretatt gjennom vedtaket? Korleis skal kommunen kunne følgje opp forureiningsansvaret når departementet likevel har gitt dispensasjon?

Til NRK seier statsråden som svar på oppstart av Tysvær vindpark at ein måtte kome i gong fordi konsesjonen var så gammal. Statsråden sa ingen ting om stadig endra MTA planar. Betyr dine utsagn at så lenge ein konsesjon er gitt er det fritt fram for utbyggar å endre planane, som i Tysvær sine tilfelle vil seie monsterturbinar og svære vingeblad?

Kanskje er det berre me i Tysvær som ikkje forstår dette, men me trudde faktisk at når ein MTA plan kom på høyring var det for å ta med lokale innspel, lytte og erfare. Dersom det er slik me no opplever at ein konsesjon er ein konsesjon, ja då har me skumle framtidsutsikter for kystnære strøk i vente.

La meg ta feil. Eg håpar eg tek feil og at regjering og Storting no vaknar og ser kva som skjer langs kysten. «Kva vertskommunen meiner skal tilleggjast svært stor vekt», sa eit einstemmig Storting for mindre enn eitt år sida om vindkraftutbygging. Kva ein vertskommune og eit einstemmig Storting måtte meine, bryr statsråden seg fint lite om, har denne saka lært oss.

Så må eg til slutt som tysværbu få gjere til kjenne at etter TV-intervjuet ditt på NRK Rogaland 6. mai fekk eg ei kjensle at det var ikkje så viktig med Tysvær. Du er tydeleg på at staten treng nytt lovverk på området, og statsråden håpar dette kan koma andre til gode.

Dette står i veldig sterk kontrast til den muligheita statsråden hadde til å be om oppdaterte konsekvensutgreiingar rundt Tysvær vindpark. Allereie her kunne statsråden tatt i bruk innhaldet i den nye rettleiaren frå NVE. Men – den muligheita nytta statsråden seg ikkje av.