Tveit har også tidlegare utført arbeid for Friluftsrådet Vest. I Holsvika har han hatt kort veg til murestein som er henta frå det lokale steinbrotet. I sørenden av vika, der vegen frå parkeringsplassen kjem ned, har han laga flotte murar ved munninga av bekken som stuper nedover fjellsida og renn ut i sjøen.
Tveit har også murt trapp ned til ein badekulp som er populær blant dei minste barna. Over bekken er det laga ei ny bru, og vidare nordover er det laga ein brei strandpromenade dekka av store steinheller.
Ein av tre i Sveio
Holsvika ligg til Ålfjorden nokre kilometer sør for Tittelsnes, med fantastisk utsikt til Bjoa og Fjelberg på andre sida av fjorden. Bakom ruvar høge fjell som, i alle fall då Vestavind var der, framleis var snødekte.
Nord i Holsvika er det gjestebrygge for dei som kjem sjøvegen. I sør er det badestrand, rasteplasser og toalett. Ved fylkesvegen ovanfor er det parkeringsplassar både for dei som vil ned til sjøen og dei som følgja ein av fleire merka turstier opp til Trodlavassnipen.
Holsvika er ein av tre statlege friluftsområde i Sveio. Mykje lengre sør ved Ålfjorden ligg Selsåsvika, og til Lambeidvågen ved Bømlafjorden ligg Slettene.
Skadeverk på Slettene
Me tar ein tur til Slettene også. Der møter me to av Friluftsrådet sine medarbeidarar, Andreas Dunkley og Bjørn Opheim. Dei er i ferd med å reparera ei av to hengebruer.
– Det var Auklandshamn bygdalag som tipsa oss om at ein av dei to berande vaierane som held brua oppe, var rivne av, kommenterer Dunkley og viser fram bolten som var festa i berget.
Brua har vore utsett for hærverk. Eller i alle fall grovt uforstandig framferd, som Øvernes uttrykkjer det. To vaksne menn skal ha blitt observerte og blir knytte til denne hendinga.
Skadeverk av større omfang skjer elles relativt sjeldan i friluftsområda, stadfestar både dei to omreisande medarbeidarane og sjefen deira. Men slitasje er det.
Dunkley og Opheim har nok å gjera. Dei har tilsyn med alle dei 108 friluftsområda til Friluftsrådet Vest, inkludert dei tre i Sveio. Godt då at dei tek seg raskt fram med arbeidsbåten «Astrid», oppkalla etter styreleiaren i Friluftsrådet Vest.
– Frå basen vår i Røyksund (Karmøy) tar det berre ein times tid til Slettene, fortel Dunkley.
Midt i leio
Også Slettene er tilgjengeleg frå både land- og sjøsida. Den sentrale plasseringa ved Bømlafjorden gjer gjestebrygge ekstra populær.
Her er også toalett, men som i alle dei andre friluftsområda har toalettbygga vore stengde på grunn av smittefare nå under koronapandemien. Innan midten av juni håpar Øvernes at alle er opna igjen, og då med tilgangspunkter desinfeksjonsmiddel.